Folkestyret rotnar på rot

Dei siste tiåra har jussen blitt meir og meir internasjonalisert: Noreg underordnar seg internasjonalt lovverk, og i ei særstilling står EØS-avtala.

Elin Ørjasæter og Anne-Lise H. Rolland

For tjue år sidan stemte nordmennene – med eit lite fleirtal – nei til EU. Kort tid seinare melde politikarane oss inn i EØS-samarbeidet, utan tilsvarande folkerøysting. Men visste vi kva EØS-avtala ville bety for norsk rettspraksis?

Vi har sett nærmare på nokre praktiske konsekvensar EØS-samarbeidet får for Noreg, nemleg for reglane om aldersgrenser i arbeidslivet. Og ved å fortelje om denne vesle fliken i rettssystemet får vi òg illustrert noko større: Det politisk-rettslege problemet med heile EØS-avtala.

Høgsterett, øvste domstolen i Noreg, er parkert og sett på sidelinja til fordel for EU-domstolen. Arbeidsoppgåvene i Høgsterett dreier seg meir og meir om å tolke lovverket og rettspraksisane i domstolen i Luxembourg. Dei viktigaste rettskjeldene våre, som er tidlegare dommar og forarbeid som lovverket stør seg på, er ikkje lenger norske, men tufta på skiftande rettspraksis i EU.

Har ikkje Stortinget lenger noko dei skulle ha sagt? Skal vi berre danse etter EUs pipe og følgje gjeldande praksis i EU? Og er det i det heile nokon vits i å engasjere seg i lovsaker i Noreg, om lovene – til sjuande og sist – blir bestemte i forum der norske borgarar ikkje har tilgang?

For å forklare korleis dette skjer i praksis, vil vi bruke eit kjent døme frå pressa: saka om aldersgrenser i arbeidslivet, og då særleg saka om økonomiredaktør og -kommentator i NRK Steinar Mediaas. Saka engasjerer oss fordi ho er av prinsipiell karakter, og ho dreier seg om arbeidsdeling mellom generasjonane.

Att og fram

Vinteren 2014 sat den eine av oss, Elin, på fyrste rad i Litteraturhuset i Oslo under direktesending av «Debatten» på NRK. Det same gjorde Erik Råd Herlofsen, advokaten til Steinar Mediaas. Temaet for debatten var nettopp Mediaas og aldersdiskriminering i arbeidslivet.

Steinar Mediaas var økonomiredaktør og -kommentator i NRK i mange år, og vart pensjonert då han fylte 67 år – rettnok mot eige ønske, men i tråd med dei generelle reglane for aldersgrenser i NRK. Mediaas hadde sjølv varsla NRK om at han ville saksøke institusjonen for aldersdiskriminering: Mediaas ville halde fram i stillinga si.

Etter arbeidsmiljølova er hovudregelen òg at ein arbeidsgjevar kan seie opp ein tilsett – på grunn av alder – fyrst når vedkommande er 70 år. Å seie opp tilsette på grunn av alder før fylte 70 er difor aldersdiskriminering, noko som er forbode etter EU-direktivet. Men det finst unntak, og desse må ein vurdere i lys av avgjerdene i EU-domstolen. Om ei einskild bedrift i Noreg kan oppretthalde lågare aldersgrense enn 70 år, har altså blitt eit EU-spørsmål.

Fleire større bedrifter opprettheld likevel 67 år som absolutt grense for kor lenge ein kan arbeide i bedrifta – stikk i strid med diskrimineringsforbodet frå EU. Arbeidstakarane i desse bedriftene er altså nøydde til å slutte – om dei vil eller ikkje – det året dei fyller 67 år. Bakgrunnen for praktiseringa av ei slik absolutt grense finn ein mellom anna i svært gode tenestepensjonar for arbeidstakarane, noko også fagforeiningane har sett som eit gode.

Dei siste åra har reglane om 67 års aldersgrense i desse bedriftene blitt utfordra av spreke eldre som ønskjer å jobbe til dei fyller 70 år, og som – med arbeidsmiljølova og EU-direktivet i handa – meiner dei har rett til det. Som tidlegare nemnde Steinar Mediaas. Han, og mange eldre med han, føler seg tvinga ut av arbeidslivet. Dei kjenner seg diskriminerte. Og slik diskriminering er jo forboden.

Mediaas-saka liknar mykje på ei anna sak, som enda i Høgsterett i 2011. Ein arbeidstakar i Gjensidige fekk beskjed om å slutte då ho fylte 67 år, i tråd med praksis for aldersgrenser i bedrifta. Arbeidstakaren ønskte å arbeide lenger, og saksøkte Gjensidige for aldersdiskriminering. Men så, trass i det nemnde EU-direktivet: Gjensidige vann, og fekk medhald i Høgsterett. Dommen vart kjent som Gjensidige-dommen.

Ifølgje Høgsterett må tre kriterium vere til stades for tvangspensjonering av 67-åringar:[1] 1) arbeidstakarane har alt ein god tenestepensjon, 2) pensjonsalderordninga skal vere kjent blant dei tilsette og 3) ordninga må vere konsekvent praktisert – noko som betyr at pensjonsalderordninga blir praktisert likt, og er lik for alle.

Etter vår oppfatning måtte difor Mediaas-saka vurderast opp mot Gjensidige-dommen: NRK hadde ein god tenestepensjon, pensjonsordninga var kjent blant dei tilsette, men ordninga var ikkje konsekvent praktisert. Det var med andre ord på dette siste punktet at slaget ville stå.

Trudde altså eg – Elin, inntil sidemann Erik Råd Herlofsen fekk ordet i den nemnde TV-debatten: «Gjensidige-dommen er ikkje lenger gjeldande rett», og heldt fram: «For no har vi fått helikopterpilot-dommen, og i tillegg har Noreg tapt i Strasbourg!» triumferte han.

Kva i alle dagar, tenkte eg. Både NHO og LO sine representantar i panelet protesterte mot påstandane frå Herlofsen. Dei meinte Gjensidige-dommen framleis var den mest relevante for gjeldande rett – også i saka om Steinar Mediaas.[2]

Utan debatt i Stortinget

Eg må innrømme at eg, Elin, var forvirra. Då debatten var ferdig, gjekk eg heim og ringde til medforfattar av denne artikkelen Anne-Lise, ven og arbeidsrettsadvokat. Ho kunne fortelje at Herlofsen kanskje hadde eit poeng: Vurderinga av kva som er eit sakleg grunnlag for å tillate aldersdiskriminering, har endra seg, fortalde ho. Det er nemleg dette som må vurderast fyrst, i alle diskrimineringssaker: om det finst legitime formål for diskrimineringa.

Men korleis kan rettstilstanden og rettspraksisen endre seg så raskt, og det utan debatt i Stortinget eller andre stader der slikt blir diskutert, undra eg.

Forklaringa er enkel: Høgsterett må bøye seg for nye, skiftande rettspraksisar frå EU-domstolen. Og dette utan at endringane i rettstilstanden blir behandla i Stortinget eller debattert i norske medium. Om EU-domstolen endrar oppfatning av kva som er eit legitimt formål for diskrimineringa, ja, så må norske domstolar tolke sine saker ut ifrå dei nye rettspraksisane i EU-domstolen, forklarte Anne-Lise.

Noregs forhold til EU blir nemleg regulert gjennom EØS-avtala. Den seier enkelt sagt at dei same reglane som gjeld for landa i EU, òg skal gjelde for alle EØS-landa innanfor dei sektorane som er omfatta av EØS-avtala.[3] Eit eige overvakingsorgan, ESA, som held til i Brussel, skal sjå til at Noreg og dei andre EØS-landa faktisk overheld EØS-avtala slik dei skal.

I 2012 vart Europautgreiinga lagd fram, på oppdrag av regjeringa. Fråværet av diskusjon om utgreiinga var påfallande. «Det er ikke mange andre områder av norsk demokrati i moderne tid der så mange har visst så lite om så mye som i europapolitikken», skreiv Fredrik Sejersted i Aftenposten 17.1.12, i eit tappert forsøk på å skape ein breiare debatt om saka.

Temaet er vanskeleg, stort og komplisert og gjer at den vanlege borgar ikkje orkar å setje seg inn i saka. Samstundes er det viktig for nordmenn å vite noko om prosessane: Kva konsekvensar får det for rettstilstanden og rettssikkerheita i Noreg, når vårt eige lovverk blir overprøvd av EU-lovene og EU-rettspraksis – utan ein einaste debatt eller diskusjon her heime? Kva betyr det for deg og meg – i praksis?

Pensjonsalder for arbeidstakarar i arbeidslivet er berre eit av mange tema der EU-retten og EØS-retten slår inn på vårt lovverk. Innanfor finans og økonomi, velferd, helse, distriktspolitikk, energi, miljø og klima, samferdsel, forsking, utdanning, mat, landbruk, fiske, alkohol, likestilling, forbrukarvern, sivil beredskap, grensekontroll, innvandring, politisamarbeid … ja, rett og slett overalt i det norske samfunnet må ein tilpasse reglane. Heile lovverket vårt, og praktiseringa av det, er under sterk forvandling. I alle departementa jobbar ein med å inkorporere og halde seg til EU- og EØS-retten, og andre EU-avtaler.[4]

Norsk rett outsourca

La oss sjå nærmare på saka om aldersgrensene fordi ho er eit godt døme på korleis EU-retten påverkar oss i praksis.

Paragraf 13-1 (1) i arbeidsmiljølova dreier seg om aldersdiskriminering, og vart – som tidlegare nemnt – innført som ledd i implementeringa av EUs rådsdirektiv. Dette skjedde i 2004.[5]

Høgsterett er den øvste domstolen i landet, og hovudoppgåva til retten er å arbeide for «rettseining, rettsavklaring og rettsutvikling»[6]. Og sakene skal få si avklaring og dom ved bruk av rettskjelder og bevis. Rettskjelder er mellom anna tidlegare dommar i tilsvarande saker, men òg odelstingsproposisjonar, jamvel diskusjonane i Stortinget når lova blir handsama og laga der.

Men når EU-direktiva blir implementerte i lovene våre, betyr det at rettskjeldene ikkje lenger er tufta på saker i Noreg åleine og på praksisar her heime, men på internasjonale dommar, på dommar i Luxembourg, og på rettspraksis der i garden.

Konsekvensen av denne endringa er at norske dommarar, i norske domstolar, må tenke seg fram til utfallet av tilsvarande saker i EU-domstolen. Norske dommarar må òg sette seg inn i rettskjeldene til EU-dommane, og i einskilde tilfelle la dei få fortrinn framfor dei norske – i den grad dei ikkje er i direkte motstrid med norsk lovgjeving.[7]

Det kjem stadig nye dommar frå EU-domstolen, og med det endrar rettstilstanden seg. EU-retten er «dynamisk», for å seie det fint. Nokre gonger får det absurde konsekvensar, som til dømes at Høgsterett legg sitt eige arbeid på vent fram til EU-domstolen har sagt sitt. Det skjedde i helikopterpilot-dommen, som altså, ifølgje Herlofsen, slo beina under Gjensidige-dommen. Heng med!

Arbeidsdeling mellom generasjonane

Gjensidige-saka gjaldt altså ein arbeidstakar som ønskte å halde fram i selskapet etter at ho hadde fylt 67 år. Fagforeininga køyrde saka, som til slutt kom til Høgsterett. Arbeidstakaren tapte, og Gjensidige vann. Høgsterett la i dommen vekt på lange tradisjonar for bedriftsinterne aldersgrenser i Noreg, at dei er til av omsyn til «arbeidsdelingen mellom generasjonene», og at bedriftene må vere føreseielege i arbeidet sitt.[8]

Neste sak: Helikopterpilot-saka vart fremja for Høgsterett, og retten bestemte seg for å handsame saka i mars 2010. Men om hausten same året sette Høgsterett saka på vent, i påvente av ein dom som var på trappane i EU-domstolen i Luxembourg, i ei sak som likna helikopter-saka her heime.[9] Så, i september 2011, kom dommen frå Luxembourg, den såkalla Prigge-dommen[10]. No kunne Høgsterett endeleg tromme saman dommarkollegiet, og vi fekk helikopterpilot-dommen i februar 2012.

Dommen innebar denne gongen ei klar dreiing til fordel for seniorane og dei som krev å jobbe lenger enn gjeldande aldersgrense i bedrifta, fyrst og fremst fordi han slo føtene under argumenta i Gjensidige-dommen. Inn suste nye argument om at arbeid også «dekker flere behov enn selve inntekten, blant annet sosiale behov, behov for å bruke sine ferdigheter og behov for å gjøre nytte for seg».

68-generasjonen i Europa har tydelegvis fått eit solid avtrykk i EU-dommen, slik vi ser det. Europa har blitt kontinentet der dei unge eldre får større og større rettar, medan unge knapt kjem inn på arbeidsmarknaden. Kvifor? Fordi 68-arane er så mange fleire og så mykje betre på rettsaktivisme. «Arbeidsdelingen mellom generasjonene» har tydelegvis dårlege kår i EU, der einskilde land aksepterer ein ungdomslediggang på opp til femti prosent.

Norske avtaler må vike

Denne artikkelen dreier seg ikkje berre om å legge seg flat for skiftande utanlandsk rettspraksis. Han dreier seg òg om å trø inn i eit system der lovverket – meir og meir – blir rettsregulert etter press frå sterke særgrupper.[11] At meir og meir norsk rett blir bestemt av EU, er ein del av det Maktutgreiinga i si tid kalla for rettsleggjering: Forhold her heime som tidlegare ikkje vart lovregulert, blir det no – av EU.

I Maktutgreiinga kan vi lese at det lokale sjølvstyret no blir utfordra fordi fleire politiske avgjerder enn tidlegare blir bundne opp av rettigheitsføresegner, – og ikkje etter ein fri, open og offentleg debatt. Makta blir flytt frå folkevalde organ til domstolar eller andre rettsliknande institusjonar, som til dømes Likestillingsombodet og diskrimineringsnemnda.

Kapittel 13 om diskriminering i arbeidsmiljølova er eit godt døme på slik rettsleggjering. Det same gjeld fire andre lover som blir kalla diskrimineringslovene[12], og som dreier seg om kjønn, etnisitet, funksjonshemming og seksuell identitet. Felles for dei alle er at praktiseringa av dei er svært skjønnsmessig, samstundes som dei kviler tungt på EU-retten.

Etter helikopterpilot-dommen – med påhalden penn frå Luxembourg – har den norske rettstilstanden kring aldersgrenser i arbeidslivet endra seg, skal vi tru arbeidsrettsadvokatane Erik Råd Herlofsen og Nicolay Skarning, sistnemnde advokat for Helikopterservice i den nemnde helikopterpilot-dommen.[13] Båe meiner det i tida framover vil komme fleire rettssaker om bedriftsinterne aldersgrenser, ikkje minst fordi eldre arbeidstakarar no har fått sterke kort på handa,[14] dommar som slår fast at eldre sine behov for livsinnhald er viktigare enn at unge kjem inn på arbeidsmarknaden.

Fast jobb i full stilling er eit gode, og diverre – i nokre bransjar – eit knapt gode. Ein forskar, ein høgskulelektor eller ein sjukehuslege får kanskje fast stilling fyrst i 40-åra. I dei same høgtlønte yrka for langtidsutdanna er det svært attraktivt å halde fram til ein har fylt 70 år, og gjerne lenger om anledninga byr seg. Det rammar altså dei unge langtidsutdanna hardt.[15] I yrke på lågare nivå, derimot, er dette knapt ei problemstilling, og dei fleste fagforeiningane ser difor på 67 års aldersgrense som eit gode. Vi kan altså forvente at rettssakene kjem frå ressurssterke folk i kunnskapsintensive bransjar.

Meir passive borgarar?

Ein «rein» norsk høgsterettsdom, basert på norske rettskjelder ville normalt – etter norsk praksis – gje ei rettsavklaring for mange år. Om partane så er misnøgde med innhaldet i dommane, kan dei lufte misnøya gjennom demokratiske kanalar her heime – gjennom media, eller lobbe saka si på Stortinget. Men når ein norsk dom no slår noko fast på eit rettsområde, influert av EU-retten, ja, så nyttar det ikkje lenger å kjempe for saka gjennom politisk kamp: Rettstilstanden blir endra – uansett – uavhengig av kva som skjer i Stortinget og dei folkevalde organa våre.

Å jobbe politisk for at dei bedriftsinterne aldersgrensene skal stå seg rettsleg i Noreg, er altså bortkasta arbeid – og krefter. Domstolen i Luxembourg er utilgjengeleg for oss ettersom vi ikkje er EU-borgarar. I tillegg er han svært uoversiktleg grunna språkleg[16], geografisk og institusjonell avstand. Og viktigare enn at domstolen er utilgjengeleg for oss: EU-systemet er òg utilgjengeleg for norske politikarar. Forstod vi dette då vi stemte nei til medlemskap i EU, for seinare å la politikarane underteikne EØS-avtala?

I tillegg er risikoen stor for at dommarane og domstolane blir usikre på kva rettspraksis ein eigentleg skal halde seg til: Helikopterpilot-dommen må vi sjå i samanheng med auken i talet på dommar frå EU-domstolen innanfor alle saksområde, ikkje berre innanfor arbeidsretten. Resultatet er auka rettsusikkerheit, auka belastning på domstolane her heime, lengre behandlingstid før ei sak blir endeleg avgjord, og ikkje minst: større prosessrisiko.

Ordet «prosessrisiko» er viktig for å forstå situasjonen til den alminnelege borgar når ho – eller han – ønskjer å prøve saka si for domstolane. Prosessrisiko er risikoen for å tape saka, og å måtte betale saksomkostningane både for seg sjølv og motparten. Og har saka vore innom mange instansar, kan gjelda fort overstige ein million kroner.

Ettersom jussen blir meir internasjonal, har òg prosessrisikoen auka. Den vesle mannen i gata kan risikere at motparten ankar – og ankar. Utfallet av det heile er usikkert – nettopp fordi jussen er ny og dommarane usikre. Dette er eit av dei store problema med internasjonaliseringa av retten. Prosessrisikoen aukar generelt.

Aldersgrense er ein liten flik av lappeteppet der EU-retten rår, også om vi held oss til arbeidsrettens område.[17] Andre reglar enn aldersgrenser har gjeve mange og lange rettssaker. Desse sakene har stor økonomisk innverknad og inneber risiko for båe partar, både arbeidstakarar og –gjevarar.[18]

Demokratisk sjølvskading  

Vinteren 2014 kom boka Det norske paradoks, om Noreg sitt forhold til Den europeiske unionen.[19] Boka har som mål å dra i gang ein debatt om Noregs EU-tilknyting. Vi siterer frå fyrste kapittel, ført i pennen av redaktørane Erik Oddvar Eriksen og John Erik Fossum: «For Norges del har vi ikke bare å gjøre med folkestyrets vanmakt i den forstand at Norge som alle land er underlagt effektene av globalisering og europeisering, men også en demokratisk selvskading ettersom vårt tilknytningsforhold er basert på valg som kunne vært annerledes, og som hadde vært mindre skadelig fra et demokratiperspektiv.»

Det er forfattarane sjølv som har kursivert ordet sjølvskading, eit sterkt ord når det blir brukt om politikarane sine val. I eit av kapitla beskriv forfattar Fossum og forskar Cathrine Holst korleis Europa-utvalet i Stortinget mottek EU-sakene som om det var rein informasjon. EU-retten blir slusa inn utan motstand, dei konstitusjonelle konsekvensane av å setje bort lovgjevinga blir ikkje sett – eller diskutert av politikarane i Stortinget. Eller har politikarane sett det, men late vere å diskutere saka fordi det ikkje tener partipolitiske interesser å sette fyr på EU-debatten?

Vi står altså overfor ei galopperande rettsleggjering, diktert av ei framand makt, som vi friviljug og med demokratiske prosessar har underlagt oss.[20] Professor i statsvitskap Øyvind Østerud skriv i ein artikkel om rettsleggjering i Tidsskrift for Samfunnsforskning at meir makt er lagd til organ som ikkje kan kastast gjennom demokratisk valde organ, og som dermed ikkje står til politisk ansvar overfor befolkninga. Han held fram: «Rettsvesenet i vid forstand er blant de institusjonene som har fått større myndighet – domstoler og domstolslignende organer som voldgiftsinstanser, ekspertorganer i forvaltningen og kontrollerende tilsynsmyndigheter.»[21]

Skjønnsmessige avgjerder  

La oss vende tilbake til Steinar Mediaas. Då NRK forsøkte å tvangspensjonere Mediaas, vende han seg til Likestillings- og diskrimineringsombodet. Dette er eit såkalla lågterskeltilbod for befolkninga, eit sekretariat som handsamar klagar frå dei som meiner seg diskriminerte på arbeidsmarknaden, bustadmarknaden eller andre område. I Mediaas sitt tilfelle skulle Likestillingsombodet handsame saka etter kapittel 13 i arbeidsmiljølova, der dei aktuelle føresegnene lyder: «Direkte og indirekte diskriminering på grunn av politisk syn, medlemskap i arbeidstakerorganisasjon eller alder er forbudt.» Sidan følgjer unntaka: «Forskjellsbehandling som er nødvendig for å oppnå et saklig formål og som ikke er uforholdsmessig inngripende overfor den eller de som forskjellsbehandles er ikke i strid med forbudet mot (…) diskriminering på grunn av alder …».

Så lurer du kanskje på korleis ein i all verda skal bli samde om innhaldet i nemningar som «saklig formål», eller forskjellsbehandling som er «nødvendig» eller «uforholdsmessig»? Korleis stiller ein seg til dette?

Dei utydelege og forvirrande unntaka kom i si tid inn i lova som ein direkte konsekvens av EU-lovgjevinga – unntak som Likestillingsombodet i dag filer og flikkar på – og som blir vegne på gullvekt i Høgsterett når sakene til slutt kjem dit.

For den alminnelege lesar kan vi omsette det heile til eit mindre audmjukt ord: skjønn. Når alt kjem til alt, blir sakene vurderte etter dommarane sitt eige verdigrunnlag og politiske syn. Politikken blir jus, og med det mindre angripeleg.

2-2 i Mediaas-saka

Likestillings- og diskrimineringsombodet gav Mediaas medhald. Ombodet la seg, slik vi ser det, fascinerande flatt for helikopterpilot-dommen, den som innførte EU-direktivet om eldre arbeidstakarar sitt sosiale behov som viktigare enn unge sitt jobb-behov.

Eit særleg forhold bør tillitsvalde i fagrørsla merke seg: NRK hevda i saka at aldersgrensa på 67 år stod særleg sterkt, fordi ho var baka inn i tariffavtala – noko også fagrørsla ønskte. I avtala ligg ein pensjon på godt over 70 prosent av lønna, altså ein svært god pensjon.

I uttala frå Likestillings- og diskrimineringsombodet står det rett ut at «enighet mellom arbeidslivets parter ikke står like sterkt som tidligere». Her stør dei seg på helikopterpilot-dommen, der høgsterettsdommaren skriv: «Jeg kan heller ikke se at partene i arbeidslivet skal ha større frihet enn arbeidsgiveren til å sette til side forbudet mot forskjellsbehandling på grunn av alder for å gi yngre arbeidstakere raskere avansementsmuligheter.»

Den sat! Eit klart brot med ein botntela tradisjon i norsk arbeidsrett er elegant skubba vekk i ein dom som igjen var direkte utleidd av ein EU-dom, ja, som faktisk ikkje var klar i Høgsterett før dommane i Luxembourg var ferdighandsama. Vi spør: Skal meir enn hundre års tradisjon for partssamarbeid i Noreg skubbast til side – til fordel for EU-rettens individorienterte rettsfokus?

Sommaren 2014 kom så lagmannsrettens avgjerd om eit teknisk heilt anna forhold, i same saka: Har Steinar Mediaas rett til å få tilbake jobben medan han ventar på rettskraftig dom? I oppseiingssaker – når ein arbeidstakar jobbar fram til rettssaka, sjølv om han eller ho er sagd opp, heiter det å «stå i stillinga».[22] Men følg med: I den ferske avgjerda frå lagmannsretten blir det så diskutert om helikopterpilot-dommen slår i hel Gjensidige-dommen eller ikkje. Lagmannsretten hevdar at rettstilstanden ikkje er endra, stikk i strid med det advokat Herlofsen meinte, og stikk i strid med Likestillingsombodet – som altså gav Mediaas medhald.[23] Kvifor kom så lagmannsretten fram til dette resultatet? Jau, dei meiner Rosenbladt-dommen passar betre på Mediaas-saka, den som vart brukt som rettskjelde i Gjensidige-dommen, og at Prigge-dommen, den dommen som helikopterpilot-dommen retta seg etter, no er mindre aktuell. Framleis EU-rett, altså.

NRK anka utsegna frå Likestillingsombodet, altså den der Mediaas vann, til Diskrimineringsnemnda. Rett før dette bladet gjekk i trykken, 18. august, kom vedtaket derfrå. Mediaas vann igjen, men på eit heilt anna grunnlag enn hos Likestillingsombodet. Nemnda meinte Helikopterpilot-dommen (som bygde på Prigge-dommen) var irrelevant i saka, og at det var den gode, gamle Gjensidige-dommen som galdt.

Dermed kom saka endeleg inn på rett spor slik vi ser det: For Gjensidige-dommen slo jo fast at 67-årsgrensa er fullt ut lovleg, under føresetnad av at grunngjevinga er sakleg, og under føresetnad av at arbeidsgjevaren oppfyller tre viktige kriterium: god tenestepensjon, god informasjon og konsekvent handtering av aldersgrensa. Og på det siste punktet stod NRK til stryk, meinte Diskrimineringsnemnda. Altså: Dersom du brukar ei aldersgrense til å plukke ut dei du tilfeldigvis vil bli kvitt, ja, då er ikkje aldersgrensa lenger lovleg. «Hurra!» seier vi: endeleg eit vedtak som rimar med norsk rettspraksis og tradisjonen i det norske, partssamansette arbeidslivet.

Politikarane må vakne!

Saka kjem til å rulle vidare, og tippar vi rett gjev ikkje partane seg med det fyrste. Om Mediaas ankar avgjerda frå lagmannsretten (den om å stå i stillinga) til Høgsterett, er ikkje klart i skrivande stund. NRK på si side kjem neppe til å bøye av for Diskrimineringsnemnda, og dermed vil Mediaas truleg føre sjølve oppseiingssaka inn for tingretten. Kanskje går saka – som i så mange av desse diskrimineringssakene frå siger til tap, og frå tap til siger – alt etter kva for rettskjelde som passar best til den skjønnsmessige vurderinga.[24]

Og kanskje det kjem ein ny dom frå EU-domstolen undervegs om ein arbeidstakar i eit EU-land, som igjen endrar spelet om aldersgrenser i vesle Noreg?

Vi undrast: Er det like mykje skjønnsvurdering, det som går føre seg i Luxembourg? Vi veit ikkje. Og dette er då også noko av poenget med denne artikkelen: Avstanden mellom den vanlege borgar og lovene som Stortinget vedtek, har auka, og blir større og større. Ein ting er borgarane – ei anna og like alvorleg sak er stortingspolitikarane. Dei er etter vårt syn ikkje alltid like vakne, og burde kanskje stille fleire spørsmål undervegs i handsaminga av sakene.

Men la gå: Dersom vi godtek at norske politikarar har underlagt seg EU- og EØS-retten og internasjonale traktatar – og faktisk synest det er heilt fint (mange synest jo det), så står det likevel att nokre sentrale spørsmål knytte til rettssikkerheita.

Det eine er 1) rettskjeldene: Ting- og lagrettsdommarar rundt om i landet er slett ikkje utdanna for å lese EU-rett, og attpåtil på eit framandt språk.[25] Og jus er eit fag der språkleg presisjon og språklege distinksjonar er sjølve kjernen i faget. Dette gjeld internasjonal rett generelt: Domstolane har plikt til å tolke norsk rett slik at resultatet av tolkinga er i samsvar med dei internasjonale forpliktingane våre. Men EØS-avtala er omfattande på ein heilt annan måte enn dei andre internasjonale avtalene, og har skapt ein brottsjø av endringar i rettstilstanden. Når vart vi spurde, ved eit politisk val, om vi ønskte å setje bort så mykje av lovgjevinga vår?

Det andre 2) dreier seg om tida for saksgang, og dermed «prosessrisiko», som tidlegare nemnt. Prosessrisikoen er risikoen for å tape ei sak og risikoen for å måtte dekke også sakskostnadene til motparten – i tillegg til eigne utlegg. Om utfallet av saka er vanskeleg å spå, og om rundane i retten blir mange og dyre, ja, så aukar prosessrisikoen. Det går mest ut over den vesle mannen, eller den vesle bedrifta som ikkje har råd til å sitte att med ei tapt sak, og ei stor gjeld.

Nokre stortingsrepresentantar er heldigvis meir vakne enn andre. «Det er likevel openbart problematisk at lover og reglar som skal gjelde for norske borgarar, ikkje kan påverkast av norske borgarar», skriv stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) i Minerva, 1/2014. At Noreg i løpet av dei siste tjue åra er degradert til eit slags lydrike under EU, er det ingen tvil om, meiner han.

Det er ikkje sikkert det var så mange alternativ den gongen vi stemte mot EU. Men i eit stadig tettare integrert Europa finst to val om vi ønskjer å gjere slutt på den demokratiske sjølvskadinga:

1) Melde oss ut av EØS og gå vår eigen veg.

2) Melde oss inn i EU for å bli med og få innverknad.

Når EU-saka i si tid var så viktig at ho kravde folkerøysting, kvifor vart ikkje EØS-avtala lagd fram for oss før ho vart underteikna? Som alminneleg interesserte borgarar ville vi mykje heller vore EU-medlemmer enn å stå utanfor, dersom vi den gongen hadde visst at det å stå utanfor betydde lydigheit til internasjonale lover – lover vi ikkje har innverknad over i det heile.

La oss avslutte med nokre ord frå Sveinung Rotevatn, frå artikkelen i Minerva. Han medgjev at EØS-avtala kanskje var eit godt kompromiss for Noreg, fordi det sikra handelen og næringslivet. Men han konkluderer: «Folkestyret derimot, rotnar på rot.»

 

Sitat:

Visste vi kva EØS-avtala ville bety for norsk rettspraksis?

Skal vi berre danse etter EUs pipe og følgje gjeldande praksis i EU?

Korleis kan rettstilstanden og rettspraksisen endre seg så raskt, og det utan debatt i Stortinget?

Høgsterett må bøye seg for nye, skiftande rettspraksisar frå EU-domstolen.

Temaet er vanskeleg, stort og komplisert og gjer at den vanlege borgar ikkje orkar å setje seg inn i saka.

EU-retten er «dynamisk», for å seie det fint. Nokre gonger får det absurde konsekvensar.

Forhold her heime som tidlegare ikkje vart lovregulert, blir det no – av EU.

Å jobbe politisk for at dei bedriftsinterne aldersgrensene skal stå seg rettsleg i Noreg, er altså bortkasta arbeid – og krefter.

EU-retten blir slusa inn utan motstand, dei konstitusjonelle konsekvensane av å setje bort lovgjevinga blir ikkje sett – eller diskutert av politikarane i Stortinget.

For den alminnelege lesar kan vi omsette det heile til eit mindre audmjukt ord: skjønn.

Eit klart brot med ein botntela tradisjon i norsk arbeidsrett er elegant skubba vekk.

Når vart vi spurde, ved eit politisk val, om vi ønskte å setje bort så mykje av lovgjevinga vår?


[1] Dette føreset at retten fyrst har fastslått at formålet med diskrimineringa er legitimt.

[2] Herlofsen si tilvising til Strasbourg gjaldt ein annan høgsterettsdom, den såkalla Kystlink-saka, der Noreg vart dømt for menneskerettsbrot i Strasbourg. Av plassomsyn går vi ikkje inn på den saka her, men ho er òg viktig når det gjeld aldersgrenser. EMD (domstolen i Strasbourg) tolkar EMK (menneskerettstraktaten), og dette er altså ei anna avtale enn EØS-avtala. Saka illustrerer kor mange ankemoglegheiter som finst i systemet av internasjonale avtaler.

[3] Av ikring 600 norske lover inneheld om lag 170 av dei i større eller mindre grad EU-rett, ifølgje jussprofessor Fredrik Sejersted, då han la fram Europautgreiinga i 2012.

[4] Når ei EØS-rettsakt blir del av EØS-avtala gjennom ei avgjerd i EØS-komiteen, blir vi folkerettsleg forplikta til å implementere rettsakta i norsk rett. Det er ingen direkte verknad, sidan vi følgjer det dualistiske prinsippet. I praksis må ein då finne ut kva for departement som er ansvarleg for akkurat dette rettsområdet. Og det er dei tilsette her som må sjekke om norsk rett er i samsvar med rettsakta, eller om ein må foreslå endringar. Det kan ta tid å finne ut av kven som er ansvarleg.

[5] Direktivet vart i si tid innført i arbeidsmiljølova – sjølv om Noreg faktisk ikkje var forplikta til det. Likevel: Konsekvensen av å innføre dette direktivet er lik konsekvensane av å innføre dei andre direktiva.

[6] Frå Høgsterett: www.domstol.no/hoyesterett.

[7] I Arbeidslivets spilleregler (Storeng, Beck og Due Lund), s. 497 heiter det at den praktiske konsekvensen er at «… norske domstoler, ved spørsmål om gyldigheten av virksomhetsinterne aldersgrenser, må vurdere dette på bakgrunn av de samme rettskilder som ville gjelde dersom spørsmålet hadde blitt forelagt EF-domstolen. Avgjørelser fra EF-domstolen vil derfor være relevante ved tolkningen av de norske bestemmelsene».

[8] Også denne dommen er fyrst og fremst ein diskusjon om aldersgrensa i Gjensidige, og er i samsvar med unntaka i Rådsdirektiv 2000/78/EF artikkel 6 nr. 1 og dermed også med arbeidsmiljølova § 13-3, andre ledd. Dommen held seg altså til EU-dommar på linje med andre dommar i aldersgrensesaker.

[9] Denne utsettinga er tema for ein eigen artikkel av Halvard Haukeland Fredriksen i Lov og rett, vol 49, 8, 2010, s. 505–506 med den talande overskrifta «Mens Høyesterett venter på EU-domstolen». Han skriv syrleg: «Stansingen av ankesaken er særlig interessant fordi det aktuelle direktivet ikke er omfattet av EØS-avtalen, slik at det er snakk om frivillig resepsjon av fremmed rett. Prinsipielt står derfor ønsket om å avvente EU-domstolens avgjørelse ikke egentlig i noen annen stilling enn om Høyesterett skulle finne på å vente på en autoritativ fortolkning fra annet hold av andre fremmede rettsregler som norsk lovgiver hadde latt seg inspirere av.» Artikkelen tek også for seg dei uendelege moglegheitene for trenering som blir gjevne på grunn av denne rettstilstanden.

[10] C-447/09 (Prigge).

[11] EU-integrasjonen blir kalla «integrasjon gjennom rett» (integration through law). «Denne prosessen blir drevet fram av en type rettsaktivisme som er langt mer omfattende enn hva som er vanlig i Norge», forklarar professorane Erik Oddvar Eriksen og John Erik Fossum i boka Det norske paradoks.

[12] Dei fire lovene er diskrimineringslova om seksuell orientering, likestillingslova (om kjønn), diskrimineringslova om etnisitet og diskriminerings- og tilgjengelova (om funksjonshemma).

[13] Sjå til dømes: seniorpolitikk.no/nyhet/juss/lovverk/helikopter-saken-gjor-en-forskjell.

[14] Dei grunngjev dette med Strasbourg-avgjerda i Kystlink-saka, sjå note 2, i tillegg til helikopterpilot-saka. Kjelde: Artikkel frå Seniorpolitikk.no.

[15] Sjå Einar Lies kronikk: «En veldig krevende generasjon», på trykk i Aftenposten 30.1.14. Kronikken gjev ei god skildring av situasjonen i akademia. www.aftenposten.no/meninger/kommentarer/En-veldig-krevende-generasjon-7451645.html.

[16] No er rett nok dommane på dansk, svensk og engelsk, ettersom kvar dom blir omsett til alle EU-språk.

[17] I 1992 inkorporerte til dømes Stortinget ei lovendring om såkalla verksemdsoverdraging, paragraf 16 i arbeidsmiljølova. Føresegnene tredde i kraft samstundes med EØS-avtala 1. januar 1994, og var ei gjennomføring av rådsdirektiv 77/187/EØF i norsk rett. Dei seier at dersom ei verksemd blir overdregen til ein annan, til dømes ved oppkjøp eller fusjon, ja, så har arbeidstakarane i bedrifta krav på å behalde rettane sine. Kva tilfelle som fell inn under paragrafen og ikkje, har sidan vore gjenstand for ein serie rettssaker, og fleire av dei i Høgsterett.

[18] Vikarbyrådirektivet, utstasjoneringsdirektivet og utsendingsdirektivet har vi ikkje eingong nemnt. Vikarbyrådirektivet er eit av dei direktiva som faktisk skapte politisk debatt her heime. Direktivet seier noko om at innleidd arbeidskraft skal ha same lønn og materielle gode som fast tilsette. Debatten rundt direktivet vart etter kvart svært komplisert, fordi han dreidde seg om kva som kanskje kan komme til å skje i framtida som ei følgje av direktivet. Arbeidstakarsida var usikker på om arbeidsmiljølova måtte endrast, kanskje om nokre år, som følgje av direktivet. Som vi har sett, er det all grunn til å spørje seg om langsiktige konsekvensar av EU-direktiva, all den tid EU-retten er så dynamisk. Arbeidsgjevarsida på si side, som fyrst var positiv til vikarbyrådirektivet, riv seg no i håret over kor vanskeleg det er å innføre direktivet administrativt. Ikkje så rart: Direktivet er jo ikkje laga for oss, men for ikring 500 millionar EU-borgarar i det store og lite einsarta EU-fellesskapet. Vår situasjon er nærmast det motsette av stoda i EU-landa: Enno har vi ein stram arbeidsmarknad og høge lønningar, og vi importerer ei stor mengde arbeidskraft nettopp frå EU. Dette gjer det vanskeleg å tolke og praktisere direktivet. Sjå til dømes STX-dommen i Høgsterett, òg kalla Verfts-saka. Den gjeld utstasjoneringsdirektivet og dreier seg, ifølgje LO, om sosial dumping. NHO har bede overvakingsorganet ESA sjå på høgsterettsdommen, i håp om at dei vil undersøke ho nærmare, og om ho er i strid med EØS-retten. Ei klage til ESA kan føre til at ESA til slutt stemnar Noreg for EFTA-domstolen for folkerettsbrot. I skrivande stund er det ikkje klart om ESA tek saka eller ikkje.

[19] Erik Oddvar Eriksen (red), John Erik Fossum (red.) Det norske paradoks. Om Norges forhold til Den europeiske union. Universitetsforlaget 2014.

[20] Gjeld eigentleg mange avtaler og samarbeid med internasjonale statar og maktar. Likevel: Schengen-avtala er kanskje den viktigaste avtala utanfor EØS-retten, med tanke på dei praktiske konsekvensane for Noreg.

[21] Artikkelen «Rettsliggjøring og demokrati», av Øyvind Østerud, i Tidsskrift for Samfunnsforskning, 4-2006.

[22] I arbeidsmiljølova § 15-11 står det at ein tilsett har rett til å stå i stillinga fram til rettssaka, om han stemnar arbeidsgjevar for usakleg oppseiing. Men i denne saka vart det brukt ein annan paragraf for å diskutere same konkrete spørsmål, nemlig lovene om mellombels åtgjerd i tvistelova. Retten meinte at § 15-11 i arbeidsmiljølova ikkje gjaldt for saker der gyldigheitsspørsmålet gjaldt bedriftsinterne aldersgrenser.

[23] Sjølv om dommen berre gjeld retten til å stå i stillinga, skal dommarane ta omsyn til om sannsynlegheita for å vinne saka er til stades eller ikkje. Dei går altså inn i hovudspørsmålet i sjølve saka.

[24] Dedichen-saka er ein slik siger-tap-siger-tap-dom. Saka har vore gjennom fem instansar: Likestillings- og diskrimineringsombodet, deretter diskrimineringsnemnda, tingretten, lagmannsretten og Høgsterett. Saka dreidde seg om ei tilsetting i Forsvaret var i strid med likestillingslova eller ikkje. Dommane er eit godt døme på skjønn, pakka inn som juss.

[25] EU-dommane blir omsette til alle EU-språk. Mange norske advokatar les dommane på engelsk eller dansk.